Ein ting som eg ofte får høyre når nokon har
lese tekstar av meg, er at eg har levande karakterar. Difor tenkte eg at å
skrive om karakterbygging, ville vere ei enkel oppgåve. Når eg fyrst har byrja
å tenkje på saka, ser eg at det er meir komplisert enn som så. For kva er det
eigentleg eg gjer når eg skal byggje ein karakter? Eg har gått gjennom mykje av
“karakterregisteret” mitt i hovudet, men har problem med å finne kjelda til dei
fleste av dei. Eg kan ta nokre dømer:
Robbie Orderbye er ein karakter eg
skriv mykje om. Nesten alle novellene eg skriv, handlar om han, og då ofte i fyrsteperson,
sånn at dei som har lese fleire av tekstane ikkje alltid veit at tekstane
handlar om han. Dei som har lese nesten alt eg har skrive derimot, skjønar det
som regel når han er hovudpersonen, uansett kva slags form eg skriv i. Som
regel nemner eg korkje namn eller kjønn på hovudpersonen i ei novelle, av di det
som regel er irrelevant for historia (dei fleste tenkjer ikkje konsekvent på
namnet sitt og kjønnet sitt i laupet av ein dag). Når eg skriv lengre tekstar,
er han gjerne og hovudperson. Dei to siste julekalendrane eg har skrive (eit
kapittel kvar dag), har handla om han. Han er med andre ord ein viktig person
for meg, for tida den viktigaste eg har. Men, korleis kom han til?
Eg skal no gå fram på korleis Robbie vart til, av di han er eit av dei beste
døma eg har:
Då eg var ti år gamal, skapte eg Hannah. Hannah var eit fenomen eg nytta til
ein debatt på SOL, og ho skapte store debattar. Eg har til og med finne
debattar om ho på paranormal.no for ikkje så lengjesidan. Eg skapte ho av di eg
ville sjekke korleis folk reagerte på ein tråd. Tråden handla om ei jente som
trudde ho var eit spøkjelse. Ho hadde nemleg gått gjennom veggen eit par
gongar, og hadde mange grunnar til å tru at ho kanskje eigentleg var daud, men
ikkje hadde merka det før lengje etterpå.
Nokon trudde på Hannah, andre gjekk sterkt imot ho. Eg fekk difor stor grunn
til å byggje ho ut. Etter kvart som motstanden mot ho auka, måtte eg
argumentere som ho, og ho fekk stadig meir personlegheit. Etter kvart måtte eg
gjeve ho meir støtte. Ho fekk to vener, Elisabeth og Lucy, som kom inn og
støtta ho i debatten. Ei 15 år gamal jente trudde på Hannah, og byrja å snakke
med ho på MSN, og då 15-åringen sleit med litt av kvart, og eg hadde bestemt at
Hannah var ein klok og smart person, måtte ho kome med støttande råd om problem
som hadde med sjølvmordstankar og sjølvskading å gjere. Eg var berre ti, og
hadde ikkje høyrd om fenomenet før, men måtte gå inn i rolla som ein smart og
reflektert elleveåring som i sannheit var eldre i hovudet enn utanpå.
Eg utvikla Hannah sin personlegheit i stor, stor grad, og samstundes min eigen.
(Eg måtte jo tenkje dei smarte tankane før Hannah kunne skrive dei) Hannah
skreiv smarte og kloke ting som eg sjølv aldri hadde klart å kome på tidlegare.
Eg var rett og slett flink til å flytte inn i eit anna menneske sitt sinn.
Sidan Hannah vart større, måtte venene hennar og verta større. Lucy og
Elisabeth. Eg lagde personlegheit på begge. I laupet av 6. og 7. klasse vart eg
interessert i vampyrer, og bestemte meg for å gjere Lucy til vampyr. Ho skulle
vere ei bleik og tynn jente som drakk blod. Eg vart god ven med Lucy, me vart
godt kjend med kvarandre, og hadde mykje til felles. Lucy gjorde meg mørkare av
personlegheit, eg byrja å likne meir på ho. Såleis kunne eg flytte så langt inn
i Lucy som eg aldri før hadde flytta inn i ein person, og ho måtte difor etter
kvart få litt slektningar.
Til dømes hadde ho tre brør, dei var trillingar, og eldre enn ho. Robbie, Glenn
og Fabian, heitte dei. Det var naturleg at desse var forskjellege frå
kvarandre. Robbie var nærast Lucy, og sidan foreldra deira var vonde menneske,
flytta Lucy inn hos Robbie. Robbie fekk noko av den same mørke personlegheita
som Lucy. Han skulle og vere vampyr. Det var han ho hadde fått denne
eigneskapen av.
Det gjekk mange år der Robbie ikkje var noko anna enn storebror til Lucy, med
eit par ekstra eigneskapar. Til dømes visste eg godt korleis han såg ut, og
korleis han snakka. Han snakka ei dialekt svært teitt opp til riksmål, han
hadde svart hår, han gjekk i mørke klede, og såg svært formell ut. Han var
programleiar på fjernsynet. Han var tjuetre år gamal. Han var støttande,
hyggjeleg og upersonleg.
For nokre år sida kom eg meir attende til han. Han var med i historier ved til
dømes å dukke opp som Lucy sin storebror, men han var berre kort med, og han
var alltid svært formell og storebror-aktig. Men, eg visste at det var noko
mystisk med han. Mykje av di eg tidlegare hadde bestemt at han var vampyr.
Dette med vampyrisme gjekk eg litt tilbake på, av di eg byrja å gjere ting meir
realistisk. Lucy drakk framleis blod, men ho var ikkje “vampyr” i den forstand
at ho var overnaturleg. Eg lurte på om det same gjaldt for Robbie. Men, han var
full av hemmelegheiter, som ingen visste om, og sjølv ikkje eg fekk eit godt
blikk inn.
Eg hugsar at eg grubla over kven han var i mange veker. Kva var det med han?
Han hadde ein hemmelegheit, men eg visste ikkje kva slags. Ein dag slo det meg,
pang: Robbie var ein seriemordar. Det passa han perfekt. Eg fann gradvis ut,
gjennom fleire situasjonar eg laga i hovudet, kva han dreiv med. Menneske som fulgte
etter han i mørkret for å finne ut kva han gjorde. Eg sette inn
karakterar som eg kjende betre til å fylgje etter han og spionere, sånn eg
gradvis fekk vite meir og meir. Til slutt fekk eg lov å sjå ting frå Robbie
sitt perspektiv. Eg gjekk mykje kring i tankane hans og oppdaga litt av kvart.
Han gjekk frå kald og kynisk til barmhjertig, og eg vart forvirra og skjønte
ikkje heilt kva han eigentleg var. Det tok tid å skjøne kva han var for ei
skapning. Det var mykje mystikk.
Dette er ganske annleis enn kva eg har høyrd andre fortelje om måten dei
byggjer karakterar. Kvar og ein av karakterane mine har liknande bakgrunnar.
Dei vart stort sett til gjennom andre karakterar som var mindre viktig. Som
regel har eg laga ein karakter som eit konsept, og dei karakterane som ender
opp som viktig for meg, er ofte ein ven av ein ven, eller ein slektning, av
konseptet eg hadde i byrjinga. Dei kjem sakte til, over lengre tid, og eg
nyttar ofte dei same om att og om att, av di det er så mykje å finne i dei.
Eg har aldri dikta opp ein hovudperson som ein hovudperson og opplevd at denne
hovudpersonen har betydd mykje. Kvar og ein av hovudpersonane eg skriv om mange
gongar, er menneske som starta som noko smått. Som til dømes ein storebror av
ei venninne av Hannah.
Når eg vel kven eg skal ta opp og gjera meg kjend med, sånn som til dømes då eg
valte å finne ut meir om Robbie Orderbye (som etter kvart berre vart eit
kallenamn, og det verkelege namnet vart Robert og Orderbye vart skrive om til
Orderby), går det etter kjensler. Eg får plutseleg kjensler for ein karakter.
Gjerne ein eg ikkje kjennar så godt. Eg plukkar han opp, og byrjar å dykke inn
i personlegheita for å finne ut kva som er der. Korleis gjer eg det? Alt er
intuisjon.
Vegard Byfoss. Viktig karakter for
meg, over veldig lang tid. Vegard Byfoss er ikkje berre ein karakter. I større
grad enn Robbie, er han verkeleg. Han har ein utsjånad, som eg kan fotografere.
Eg har bilete av han. Eg har stemma hans, og eg veit korleis han snakkar. Eg
har kjenslene hans, og eg har hatt dei teitt, teitt opp til min eigen hjerne.
Vegard er ein reell, eksisterande person. Han står ikkje i folkeregisteret som
dei fleste andre ekte menneske, men sjølv om reglane menneska har laga for kva
som er “ekte person” og ikkje er annleis enn dei eg har, så er og vert han eit menneske som føler og lever, meir enn ein romanfigur,
meir enn nokon som er “dikta opp”.
Korleis vart Vegard til og kvifor heitte han Vegard?
Mindre interessant. Nettopp difor skal eg fortelje det:
Eg var tolv år. Eg skulle skrive ei vampyrhistorie. Eg hadde laga eit konsept.
Konseptet var: Jente som er redd for blod, ho hatar blod, ho byrjar i ein ny
klasse, ho møter eit par grusamma vampyrgutar som elskar blod. Dei går i
klassen hennar, og dei irriterer vettet av ho ved å snakke om blod, bite og
kutte i ho og drikke ho heile dagen. Gradvis vert ho snudd på hovudet sånn at
fobien hennar går over til det motsette, ei like unaturleg kjensle, men mykje
meir interessant. Kva heitte desse to gutane? Erik og Vegard. Kvifor heitte dei
Erik og Vegard? Jo, av di eg gjennom oppveksten har kjent to rampegutar som
heitte Erik og Vegard. Erik frå barnehagen, Vegard frå barneskulen. Etter kvart
vart hovudpersonen forelska i Vegard, og Vegard fekk meir personlegheit.
Hovudpersonen har aldri vist seg i nokre andre forteljingar. Vegard derimot,
tok over alt eg skreiv. Difor byrja eg å skrive livshistoria hans sånn at han
skulle halde seg unna dei andre tekstane eg skreiv. Eg har vorte kjend med
Vegard frå han var 15 til han no snart er 19, men eg har dykka inn i historia
hans frå han var fødd. Eg veit kva han har gjort i kvart einaste år av livet
sitt frå til no. Eg veit alt om barndommen hans, og om familien hans. Barndommen
hans fant eg ut av for eit par år sidan, og farsslekta hans fann eg ut av på
same tid. No for tida finner eg ut meir om farsslekta. Kva dei held på med. Kva
for slags folk dei er. Faren har fått mykje personlegheit.
Eg føler ikkje at dette er ting eg “finner opp”, men ting eg “finner ut”. Det
er allereie der, eg må berre spørje, føle og forhøre meg med dei for å oppdage
korleis ting heng i hop. Av og til kan eg finne opp noko, og føle at det er
feil, og difor la det liggje. Ingenting kjem til som eit konsept. Alt er
intuisjon.
Lucy er ein karakter eg har kome
attende til i det siste. Då eg lagde ho som eit konsept, var ho særdeles
annleis enn no. Det har skjedd etter kvart som eg har vorte kjend med ho. Mykje
av personlegheita hennar oppdaga eg gjennom Robbie. Eg skreiv om Robbie, og
skreiv difor og om Lucy som budde hos han, og fann ut meir og meir gjennom
dette. Dette er dømer på ting som har forandra seg grunnleggjande:
- Lucy er tynnare no enn då ho kom til. Ho var tynn, men ikkje så tynn at det
var alvorleg. No er ho for tynn til å vere fruktbar, og viss ho mot alle odds
skulle verte gravid, vil det ende med spontanabort.
- Lucy har vorte lågare. Før var ho høg nok til at det var normalt, no er ho
knøttliten. Eg vil rekne med at ho er cirka 1.50 høg, kanskje til og med eit
par centimeter under.
- Ho har vorte meir barnsleg. Tidlegare var ho ganske vaksen, og ho kan og
verka vaksen ved fyrste augnekast (sjølv om ho er låg). Ho kan ha vaksne augne,
og ein reknar med at ho er moden inni seg som fylgje av alt ho har vore
gjennom. Dette er ikkje sant. Då eg fann ut om fortida hennar oppdaga eg og at
ho ikkje har forandra seg nemneverdig frå då ho var sju år.
- Ho har ikkje empati eller medkjensle. Lucy har totalt fråvere på emne til å
føle det som andre føler. Ho kjennar ikkje noko stikk i hjartet når andre,
sjølv ikkje Robbie, har det vondt. Det kan handle om at ho har vore så
undervektig at mange områder i hjernen ikkje har vorte utvikla som dei skal.
Iallfall eig ho ikkje medkjensle. Dette tok det lang tid før eg skjønte, av di
ho oppfører seg som om ho har medkjensle. Viss du gret så trøyster ho deg. I
ettertid har eg finne ut at grunnen til at ho trøyster deg, er av di ho likar
fysisk kontakt og nærleik. Ho likar menneske som er lei seg, av di dei ligg
stille sånn at ho kan liggje oppå dei. Ho er med andre er ei god støtte når ein
har det vondt, men ho vil helst ikkje at du skal få det bra igjen. Ho kan
faktisk finne på å gjeva broren sin P-piller, av di ho sjølv vart deprimert av
å gå på dei, og gjerne vil at han skal vere meir heime.
- Ho har ikkje anoreksi. Lucy er ikkje oppteken av å vere tynn, sånn som eg
kunne tenkje tidlegare av di ho ikkje eter noko. Men, ho har ikkje noko imot
næring i seg sjølv. Du kan få ho til å ete eit heilt måltid, så lengje du
puttar det i ein smoothiemaskin fyrst. Det er å tygge ting ho har noko imot.
Kvifor er eg ikkje sikker på, men eg trur det kan vere eit traume frå barndommen.
Cato
Dette er den einaste karakteren eg har som eg lagde som eit tydeleg
konsept, og som har vorte viktig for meg. Cato vart til då eg gjekk på
REMA1000, tok tak i ei flaske sprutekrem og ein mann sendte eit merkeleg
perverst blikk til meg. Eg lagde den same situasjonen i ei historie, men då var
det Satan som gjekk i butikken for å kjøpe krem til ei jente han var på besøk
hos. Mannen som såg på han var Cato, og dei gjekk heim til han og hadde sex med
kvarandre. Cato vart ein mann som likte å forføre tilfeldige menneske, og dette
er og ein av dei få eigenskapane han framleis har. Dette er visst ein
tvangstanke, og det kompliserer forholdet han no er inne i. Han er tidlegare
narkoman (dette visste eg av di han gjekk i slitte klede og så merkeleg ut),
som framleis er alkoholikar. Fleire ting om han har eg finne ut av gjennom lang
tid. Til dømes:
- Cato har dreadlocks
- Cato har så sterke intuisjonar at han mest sannsynleg er klarsynt, viss det
går an
- Han har matchokomplekser (det er det eg kallar det når ein mann er så redd
for å verke feminin at han unngår situasjonar som kan få han til å verke
feminin)
- Han har legninga “panfili”, men seier sjølv at han er likegyldig og ikkje har
noko spesifik legning (dette passar med punktet over gjennom at han aldri er
passiv i senga)
- Han lukkar aldri døra i huset (Dette er ting som har vorte interessant
gjennom at han går ut av huset, og at døra står open, og dyr kjem inn. Mange av
dei har praktisk talt flytta inn, og han kan til dømes finne hønsereir i
dusjen. Eg klarer ikkje å få han til å lukke døra uansett kva eg gjer, difor er
det meir enn berre eit konsept, det er eit uforanderleg faktum)
Sidan han er sexavhengig må han sjølvsagt ha ein god knullekompis. Jakob. I
byrjinga var Jakob same person som Cato men berre i ein annan kropp, men etter
kvart har eg finne ut meir om han og, gjennom å snakke som han i dialogar med
eit anna menneske sine karakterar, og debattere under namnet hans.
- Jakob er dramatisk. Dette er
motsett av Cato. Cato er likegyldig og avslappa kring alt, han er fullstendig
sløva ned, kanskje som fylgje av heroinen han har gått på. Jakob er motsett.
Han har gått på amfetamin, og dette kjem inn i personlegheita hans ved at han
er paranoid og engsteleg heile tida. Han har store redde augne og er full av
konspirasjonsteoriar som ingen har høyrd maken til.
- Jakob trur på alt han høyrer. Uansett kva ein fortel Jakob, aksepterer han
det som sanninga. Det einaste ein ikkje kan forandre, er ideologi:
- Jakob er kommunist.
- Han er kjønnslaus. Med at han er kjønnslaus meiner eg ikkje at han ikkje er
ein mann (sjølv om han er tjuefire lurer eg på om det ikkje er meir korrekt å
kalle han ein gut, då han sannsynlegvis ikkje er eldre enn femten i hovudet),
men at det ikkje er spesielt viktig for han å vere det. For det fyrste vil det
seie at han ikkje har nokre trekk som er korkje maskuline eller feminine. Dette
er ikkje noko ein tenkjer over med ein gong, av di han går i bukse og genser og
ting som godt kan passere som manneklede, men eg trur han vart forvirra då han
kom i puberteten, og lurte på kvifor stemma vart mørkare og kvifor han fekk så
mykje hår her og der. Men, han har ikkje noko ynskje om å få ein kvinnleg
utsjånad. Viss Jakob hadde vore aseksuell, ville han mest sannsynleg hatt lyst
på ein operasjon som gjorde han totalt kjønnslaus. Viss Jakob hadde hatt ein
damekropp, ville han sannsynlegvis ikkje hatt noko ynskje om å ha ein
mannekropp, på same måte som han ikkje vil ha ein damekropp når han har ein
mannekropp. Han er med andre ord svært likegyldig til heile fenomenet, og ender
opp med å vere den mest androgyne karakteren eg har, sjølv om ingen ville
gjetta det ved fyrste augnekast.
Eg har nok snakka meg vekk her og der, men no har eg gått gjennom korleis mange
av dei viktigaste karakterane mine vart til. Eg kunne fortsette i all æve med
karakterar som er viktige, men eg stoppar her. Eg har fortald korleis dei kom
til, korleis dei vart forma etter kvart og korleis eg vart kjend med dei. Dette
er ein slags intro til det eg kjem til å skrive meir om, nemleg
karakterbygging. Då kjem eg til å rive meg laus frå mine eigne karakterar, og
fortelje om triks ein kan nytte for å verta kjend med nokon. Eg kan kome til å
nytte dømer, men berre som verkemiddel til å få fram korleis ein kan nytte dei
forskjellege framgangsmetodane.
Følg med!