tirsdag 31. juli 2012

Ord til inspirasjon

Dette er eit inspirasjonstips som fungerte godt for meg då eg ville skriva mykje over kort tid - sånn at eg kunne få så mykje som mogleg trening i sjangeren eg ville verta god i. For å gjera dette, treng ein eit menneskje til.

Eg fekk kjærasten min til å gjeva meg ei liste med 20 ord. For kvart ord skulle eg skriva ei forteljing/novelle. Det er den sjangeren eg har lyst til å verta god i. Ho skreiv orda med tanke på kva som passa til meg, kva ho tenkte hadde vore interessant å sjå meg skriva om, kva ho tenkte ville verta litt av ei utfordring for meg og kva ho tenkte eg ville lika å skriva om. Båe ord som passa og ord som ikkje passa.

Eg har jobba med lista ganske lengje no, men hovudregelen er at eg skal skrive tekstene i riktig rekkjarfylgje og at eg skal skriva alle. Kan ikkje hoppa over nokon eller gjeva opp. Kan ikkje seia "vil ikkje meir" og stoppa. Må fortsetja til eg er ferdig. Difor tenkjer eg, kvar einaste dag, på neste ord i lista. No skal eg fortelja litt om korleis eg har tenkt.

Det fyrste ordet på lista, ord 1, var ordet "Begynnelser".

Eg har skaffa meg ei lita bok som eg kan tankerangle i, så i den boka står nesten alt eg har tenkt for kvart ord. Eg spurde mor mi kva ho tenkte om "begynnelser". Ho tenkte dette:

 " Egentlig eksisterer jo ikke begynnelser, alt begynner liksom hele tida".
Det var jo ikkje dumt. Eg valte å skriva ei forteljing om "begynnelser", på ein ganske klår måte. Eg skreiv ei forteljing der poenget var at ting starta heile tida. Det vart noko søtt. Ikkje noko vanleg mønster i handlinga. To gutar som set seg i ein buss, dreg til ein plass der dei skal bu for ein stund og så skal dei sova. Eg nytta masse setninger som "her startet begynnelsen på en lang tur" og "dette var begynnelsen på en god natts søvn". Her var det viktigare korleis eg skreiv enn kva eg skreiv om.

Neste ord, ord nr 2, var ordet "Renhet".
Her spurde eg og mor mi om kva ho tenkte, og ho tenkte det at reinheit var noko som kunne vera kjekt, som til dømes når ein kjem heim til eit hus og det er vaska og rydda og ein føler at ein er velkommen. Men, det finst og ei anna type reinheit - andeleg reinheit, som ikkje er like hyggjeleg. Religiøse menneske likar å vera opptekne av "andeleg reinheit". Dette er slett ikkje alltid like hyggjeleg.

Då valte eg å setja ein kontrast mellom fysisk og andeleg reinheit.
- Religiøs heim.
- Slem fanatisk far.
- Dottera har kyssa ein gut.
- Han vert sinna og bankar ho overalt sånn at ho vert full av jord og blod og andre fysisk skitne ting, medan han seier at ho er skitten.
- Bror hennar, som er forteljaren i historien (eg vel som regel å skriva om fæle ting frå perspektivet til nokon andre enn den som er inni det, det vert som regel meir levande) plukkar ho opp og puttar ho i badekaret for å vaska ho.
- Ho sit der og er trist for at du er skitten.
- Ja, seier bror hennar, du var svært skitten, men det var ikkje kysset som gjorde det.

Eg kalla teksta "Ren og fin". Teksta var på bokmål, av di hovudpersonen var ein bokmålsperson. Eg kalla teksta "ren og fin" og ikkje berre "ren" (no er me tilbake til titlar, det kjem fleire innlegg om det) av di "ren" fort vert for alvorleg og jålete til at det får rette kjensla. "Ren og fin" derimot er eit vanleg uttrykk som folk nyttar, og i stil med det som skjedde, er det kanskje ein ekkel kontrast?

Som du ser tenkte eg svært forskjelleg i desse to tekstene. Eg har ikkje skrive alle på same måte, sjølv om det er same liste. Av og til vert det lange noveller med handling, andre gongar er det meir reflekterande tekster. Det varierer frå asosiasjon til asosiasjon.

Eg ga kjærasten min ei liste med 13 ord (ho har det med å skriva færre tekster, så 20 hadde vore for valdsomt). Desse orda var tilpassa hennar måte å skriva på.

Uansett er dette ein metode som er flott å nytta når ein vil ha trening i ein sjanger. For å få god trening i ein sjanger må ein skriva mykje (mykje, mykje), helst kvar dag, og ideer kjem ikkje alltid av seg sjølv. For meg er eit ord nok til å skapa ein ide, mange av historiene låg allereie djupt i hovudet mitt. Fleire av tinga eg har skrive er ting eg delvis hadde planlagt tidlegare, men ikkje finne noko bestemt plass til. Andre ting kom av seg sjølv etter litt refleksjon kring ordet eg hadde fått. Ofte har eg planlagt fleire ord før eg skriv eit. I inspirasjonsboka hadde eg til dømes fleire sider med ferdige historier utan å ha skrive nokre av dei.

Eg kan ikkje leggja ut ei liste med tjue ord, for det er individuelt om ein ynskjer å skriva kåseri, forteljinger, artiklar eller dikt. Men, ta gjerne utfordringa, finn nokon som kan gjeva deg ei liste med ord (til dømes eg), og skriv i eit heftig tempo til lista er ferdig. Gjerne ei tekst kvar dag. Det finst alltid tid for den slags.

mandag 9. juli 2012

Titlar


Det å laga tittel til ei tekst, kan vera vanskeleg. Ein har eit forhold til teksta og til innhaldet, men å presentera det kort med eitt eller fleire ord, og samstundes få det til å sjå bra ut, kan vera verre.  For dei fleste er det noko som vil koma automatisk, av og til kanskje før ein har skrive teksta, andre gongar i lang tid etterpå. Det er mange måter å tenkja på. Her er nokre forskjellege:

NAMN:
Det å ha eit namn som tittel, kan vera interessant. Som regel kjem det anpå namnet ein vel. For ikkje så lengjesidan skreiv eg eit dikt som eg kalla "eirik", men litan E, av di diktet handlar om denne personen "eirik", og namnet hans går igjen gjennom heile teksta. Viss ein skal skriva ei rekke noveller, som ei slags serie, med forskjelleg hovudperson i kvar, kan det og fungera med namn for å skilja dei frå kvarandre. Då bør det sjølvsagt ha eit fellesnamn og.

Victoria av Hamsund, er eit døme på roman med eigennamn som tittel. Eller Pan. Eller Lucie av Amalie Skram. Alle tre namna verkar tiltrekkjande på meg.

For meg ser dei store og flotte ut, men det kan og fungera vel så bra å velja namn som er det motsatte. "Stig-Arne", er ei bok eg ganske så sikkert hadde valt å sjekka ut. "Pål-Egil". Korte dobbelnamn som gjerne inneheld Æ, Ø eller Å. Uformelt.

Det finst sjølvsagt ikkje berre namn på menneske, men namn på plassar. Ein fiktiv plass, eller ein verkeleg plass. Plassen der handlinga føregår, eller plassen der hovudpersonen har lyst til å vera. Namnet på ei gate, namnet på ein by, namnet på eit hotell eller namnet på eit land. Det er sjølvagt ingen god ide å kalla ei historie for "India" berre av di handlinge føregår i India, viss ikkje "India" er eit stort tema i teksta.

Her finst det spanande variantar!

Viss ein til dømes puttar inn eit anna ord. "Kjærlighet i København" (då må du venta å trekkja til deg hovudsakeleg kvinner i 40-50åra).For å fortsetja i same dur, kan me jo skriva "Middag i Paris", "Frokost i Stockholm" og "Soloppgang i London". Eller, ein kan velja små byer. Ein kan til og med prøva seg på bokstavrim. "Helvete i Horten", "Liv i Lakselv" og "Oldemor i Oldefjord".


SUBSTANTIV:
Å ha eit substantiv frå teksta som tittel, kan sjå kult ut. Dette er det to (med mange varianter) måter å gjera på. Ein kan

a) ha eit kvardagsleg ord

b) ha eit uvanleg ord

Viss ordet er uvanleg er det viktig at det kling godt, viss ikkje kan det fort verka dumt. Eg skreiv nyleg ei novelle eg kalla "Kattedalten". Det verka smart. Å kalla ei tekst for "Iskrembabysnorkel" derimot, kan få det til å verka som du ikkje meiner noko anna med teksta enn å verka sær sjølv.

Det som er fullstendig avgjernade er at ein har ein god grunn til å velja akkurat det substantivet ein vel. Dei eg har spurd er alle einige om at å velja tilfeldige ord som knapt har noko med teksta å gjera, er ein dårleg ide, og verkar dummare enn interessant. Viss du skal skriva ei novelle om ei jente som går til skulen, får ein ny ven, men så vert venen drepen, så er "Iskrem" ein dårleg tittel, med mindre venen faktisk vart drepen av iskrem. Grunnen er at du fort, igjen, kan falla i "eg er sær"-båsen. På den negative måten. Det er kult å vera sær, men ikkje viss det er med "vilje". Difor er det viktig å få lesaren til å tru at du berre er sær, ikkje at du prøver å vera det.

Det som er kult med Iskremteksta, viss venen faktisk vert drepen av iskremen, er at tittelen ser hyggjeleg ut. Iskrem. Noko dei fleste likar. Tittelen røper heile mordet, men det har ein inga aning om. Ein ventar og at teksta kjem til å handla om iskrem, og mest sannsynleg på den hyggjelege måten. Difor vert teksta ekstra brutal når ein døyr av iskremen. Ein ulv i fåreklede.

"Henrettelsen" derimot, er ei tekst som ikkje lover godt. Her vil ein venta seg ei avretting i anten bokstaveleg eller metaforisk forstand, og uansett kva ein vel, er sjansa stor for at det heile vert banalt. Grunnen til at eg valte "Henrettelsen" som tittel i dette tilfellet, var av di avrettinga ikkje føregjekk fullstendig bokstaveleg eller fullstendig metaforisk, men heller kan sjåest som ein absurd fantasi eit menneskje kan få i ein underleg sinnstilstand. Når ei tekst er skrive noko usamanhengjande, forvirrande og kornete, likar eg enkle substantiv, då det kan verka som om forfattaren ikkje har laga tittelen sjølv, av di han er for fjern til å tenkja på den slags.

Eg trur det er viktig å vera forsiktig med å velja mørke ord som tittel, då tenkjer eg på "Daud", "Drap" og "Blod" - viss teksta faktisk skal handla om desse tre tinga. Igjen, det kan fort verta banalt. Viss ei tekst handlar om daud, kan ein gjerne kalla teksta opp etter noko anna, som til dømes mordvåpnet (viss det var eit interessant våpen), det siste personen såg før han døydde (viss dette var viktig) eller, viss teksta er svevande og kornate, kanskje til og med drapet i seg sjølv. "Kvelninga", "Drukninga", "Hengjinga". Bestemt form vil alltid sjå tøffast ut, iallfall viss ein skal spørja meg. "Kvalt," "Drukna" og "Hengt" vil derimot sjå banalt ut igjen.

Merkelege ord som "Kattedalten", vil eg kun nytta viss dette ordet skildrar teksta forferdeleg godt, så godt at det ikkje ser ut som ein prøver å vera sær, men som om ein gjev teksta eitt ord og dette var det einaste ordet. "Kattedalten". Hovudpersonen fylgjer etter ei katt gjennom heile teksta. "Nakkeknekkeren". Person vert gradvis meir plaga av tvangstanke om å knekka si eiga nakke. "Paulusarar". Kristne som høyrer meir på Paulus enn på Kristus. "Inkassokaffe". Inkassosjef som drikk for mykje kaffi. Titlane er underlege, men dei fortel det dei skal.

I tillegg har ein titlar som høyrest kvardagslege ut. Dette verkar som den nye moten. Ting som "Parken", "Parkbenk" eller "I parken" eller "På en parkbenk". Sjølv vil eg alltid lesa tekstar om park, då det som regel lover godt. Fella er at ein kan verta for kvardagsleg, og då vert det gjennomsiktig. Det er på same måte som at ein gjerne vil skriva ei mørk tekst med ein mørk tittel, men ein vil ikkje kalla teksta for "Nattens mørke drap", då dette vert så gjennomsiktig at teksta er nøydd til å vera ein paroditekst for å ikkje vera mislukka. "Buss", "Katt", "Mann", "Tog". Tilfeldige ord. Det fungerer nesten alltid, folk likar det. "Bussen", "Katten", "Mannen" og "Toget" vil og fungera. "Ein buss", "Ei katt", "Ein mann" og "eit tog" fungerer framleis. Men ikkje let det vera tilfeldig. "Ei katt" krever at teksta
a) handlar om ei katt
b) at katta, tydeleg eller utydeleg, gjer noko stort for handlinga som til dømes å indirekte eller direkte redde/ta eit liv
Viss katta berre er ein detalj, som ikkje gjer noko til eller frå, fungerer det ikkje.

Lange, lange titlar:
Dette er ofte det motsatte av å ha eit enkelt substantiv som tittel. Då tenkjer eg til dømes boka "Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant". Sjølv tykkjer eg det er litt på grensa, men samstundes er setninga så interessant at eg vil sjekka det ut allikevel. Difor fungerer det.

Eg trur regelen er at viss tittelen er lang og forteljande, så vert det interessant.
"Mannen som gikk ombord på toget og opplevde noe interessant". Eg hadde lese.
"Hvorfor Rita ville skille seg fra Frank" - Eg hadde lese
"Kvinnen som valt i krokodillevannet, og hva som skjedde da" - Absolutt!

Viss tittelen derimot er lang og abstrakt, kan det plutseleg sjå ut som om ein har laga ein lang tittel berre for at det skal sjå langt ut.
"De mørke dalers smerte i den skumle skumringers dans bak månen".

Den lengste tittelen eg har gått for, var ei novelle eg kalla "En mobber ligger til press mellom bøkene på biblioteket". Ikkje med vilje. Det var rett og slett tittelen eg ville ha, og at han var lang, var ein tilfeldigheit. "Mobberen ligger til press mellom bøkene på bibliteket" ville ha vore kortare, men berre eit mellomrom. Difor er det ikkje vits å prøva å korta det ned. Langt ser stadig bra ut.

"Dette skjer":
Viss ein let tittelen vera ramma kring teksta. Det er ofte det som skjer viss ein vel eit substantiv, og då eit viktig substantiv, til tittel. Dette er kanskje min absolutte favoritt, og eg gjer det nesten heile tida. Her er nokre døme på forteljande titlar eg har valt på tekstar:

- En arbeidsdag for Dramadronninga
- En prat i Mørke
- Praten med Fabian
- Tetid med drapsmann
- Ei fortelling om begynnelser
- Mannen som flytta heim til mor si
- Kaffe med skaperen

Alle desse titlane er konstante, på den måten at det som skjer i tittelen, skjer heile teksta. Det er ei ramme, men samstundes fortel det ikkje om handlinga, kun noko av motivet. Det gjev eit bilete.

Tittel før teksta:
Det eg meiner no er at tittelen er kva som kjem rett før teksta. Altså ein tittel som i og for seg kan stå med kolon etter. Eg har ein god del av dei og, av di det er noko som er nøydd til å fanga merksemd. Her er nokre døme:

- Til deg som skal jukse på matteprøven:
- Her kjem sanninga:
- Veit du hva?

Så, kva er det som skal skje? Kva er det du presenterer? "Til deg som" er ein vanleg versjon. "Til deg som har mista ein ven", "Til deg som er rik", "Til deg som skal drepa bror min:".

Andre ting kan vera "Eg må fortelja deg noko", "Høyr no", "Ikkje for å vera frekk, men -"

Eit spørsmål:
Å spørje lesaren om noko kan vera ein kul måte å laga tittel.

"Kvar har du lagt Mathias?"

Vert du nyfiken no? Kven har lagt Mathias kvar? Er Mathias daud? Er dette eit spørsmål til ein mordar, eller til ein kidnappar? Er Mathias eit menneskje, eller ei dokke?

Det er ikkje sikkert nokon faktisk kjem opp med spørsmålet i teksta, men det kan liggja bak. Viss Mathias-teksta handlar om nokon som leiter etter liket av Mathias, vil denne tittelen vera spanande, sjølv om ein kanskje aldri får treffa mordaren og sprøja kvar han faktisk har lagt Mathias.

Spørsmål ein og kan nytta, er spørsmål som direkte er i teksta.

"Elskar du meg, Robin?!"

"Er eg fin på håret?"

"Skal du ha bank?"

Måten eg ofte får titlar i hovudet, er ved at dei fell inn i hovudet mitt på ein relativt lite alvorleg måte. Viss eg til dømes hadde skrive ei novelle om ei krokodille som åt eit menneskje, ville ein naturleg tittel for meg ha vore "Middagsmat", og viss eg skreiv om eit menneskje som skulle reisa langt vekk for å finna seg sjølv, er "Ut på tur" det fyrste som fell meg inn. Titlar jobbar eg sjeldan mykje med, då eg tykkjer det spontante som regel ender opp med å verta best og minst kunstig. Titlar eg veit at eg har laga på denne måten er "Ren og fin", som handlar om ein mann som slår dottera si så ho vert båe gul og blå og blodig, av di ho er "skitten" inni seg. "Ren", åleine, hadde for meg verka for svulstig. "Ren og fin" derimot er eit vanleg uttrykk ein gjerne seier i ein munter tone. "Kvar er Tom?" er ein tittel laga på same måte - hovudpersonen lurer på kvar Tom er, difor er det naturleg at tittelen spør om det same.

Eg håper dette har vore til hjelp eller underhaldning. Viss ikkje så kjem eg til å skriva fleire innlegg om titlar. Eg set pris på tilbakemelding på dette innlegget så eg veit om det inspirerte eller ikkje og korleis eg evt. kan gå fram neste gong.

tirsdag 3. juli 2012

Brennesle er tingen!



Før var det vanleg å dyrka brennesle, no er det vanleg å luka det vekk som "ugras". Eg trur hovudgrunnen er at det er heilt gratis. Noko kan jo ikkje vera båe gratis og sunt, og iallfall ikkje berre veksa kring i hagen. Alle sunne ting finst trass alt kun på Sunnkost og andre dyre, dyre butikkar. Dette er berre av di diverse menneske ynskjer å tena pengar. Ikkje la dei gjera det. Drit i dei dyre butikkane og fiks alt sjølv. Nesten alle kapslar du kan kjøpa er berre noko kødd som grådige kapistalistar har laga for å tena pengar på at du er redd for helsa di. Høyr no:

I går og dagen før var eg ute og sanka brennesle. Eg fann det ikkje i hagen, men ved porten og utanfor hagen til naboen. På leikeplassen var det masse av dei. Brennesle er tingen.

Brennesle er superduperbra for blodet ditt. Blodet ditt elskar brennesle. Dessutan er denne urta, for det er det det er (det latiske namnet er til og med "urtica", og det seier litt), full av spanande vitaminar og mineralar, og er ein av dei mest næringsrike plantane i naturen! Viss du luker vekk brennesle, så er du rett og slett ein idiot. Dei inneheld mykje jern, vitamin C og klorofyll. Dei som vil auka blodproduksjonen, bør eta nesle. Dei som er gravide og ammande, bør eta nesle. Dei som har anemi, bør eta nesle. Kast dei jævla jerntablettane, for dei kan verka forstoppande. Dessutan er brennesle topp for kvinner i puberteten og overgongsaldaren, grunna blodtilførsla. Dessutan har brennesle ein beroligande effekt. Viss ein har ADHD kan ein drikka brenneslete, og kanskje til og med viss du skal leggja deg.

Forkjøling, astma, kikhoste - plukk brennesle! Og frøa ein finn i stornesla skal dessutan auka sexlysta.

Så kvifor prøva å utrydda denne fantastiske urta? Plant ho i staden.

Dei siste dagane har eg haldt på med brennesle heile tida. Har vore ute og plukka ei heil bøtte full av dei, me var tre menneske til å gjera jobben, på leikaplassen i nærleiken - for å laga brenneslete.

No skal eg fortelja korleis me gjorde det:

Hagehanskar er tingen. Utan hagehanskar, får ein vondt i henda. Det er og lurt å ha på seg ein genser så ein ikkje brenn seg på armane, for viss ein brenn seg heile tida, får ein ikkje lyst å fortsetja å plukka brennesle.

Det beste er å plukka dei minste. Dei er nyast, og det er mest næring i dei. Plukk dei minste. Finn du ein stor, plukk toppen. Frøa kan og vera med, dei er og sunne. (Du kan jo planta nokre av dei i hagen viss nokon har klart å utrydda brennesleen der)

Når du har samla dei i til dømes ei bøtte, kan du skylla vekk diverse insekt og kryp i vatn. Legg dei så på eit håndkle, og ha det i ovnen på 40-50 grader. Der skal dei stå svært lengje, dei kan godt stå heile dagen, iallfall fleire timer.



Det viktige er at du skal kunne smuldra dei opp til pulver så lett som berre det. Då er dei flotte. Ta dei av stilken (er ikkje vits å ha dei på stilken) og putt dei i eit glas du kan bevara dei i. Det gjekk greitt dei fyrste gongane, men dei siste bretta brennesle brann stadig i henda. Viss ikkje eg tek feil skal dei slutta å brenna ved 60 grader, så det er allikevel trygt å nytta dei som te.

Vil du gjera det skikkeleg så tek du litt av den tørka brenneslen i ei kjele og let det koka i 15 minutt. Då får du og mest av næringa, og det er lurt. Viss du ikkje gidd, har du det i ei tesil og nyttar det på same måte som vanleg te, men det er lurt av vatnet nettopp har vorte kokt, for viss ikkje kan du nok brenna deg på tunga.

Ein diger bøtte fyllar opp eit glas som dette. Viss du vil ha heile vintaren, bør du altså plukka masse, masse, masse brennesle. Du kan sjå på det som ein aktivitet som vil taka nokre dagar, men det er ein flott aktivitet å halda på med om sumaren.

Eller kva?!





søndag 1. juli 2012

Dette er ein ny blogg

Eg blogga tidlegare på ein annan blogg som gradvis vart mindre interessant ettersom eg mista den forma for inspirasjon. No skal eg starta med eit nytt og spanande konsept, for å få det betre samla i hop. Bloggen kjem til å innehalde lite av kva eg gjer om dagen, med mindre eg gjorde noko som var ytterst interessant og som andre og burde prøva å gjera.

Ting eg kjem til å blogga mykje om er skriving. Båe korleis min eigen prosess fungerer når eg jobbar med forskjellege prosjekt, og spanande skrivetips, øvinger og oppgåver.

Bloggen kan koma til å handla om andre ting og. Det kan til dømes dukka opp meiningar og tankar kring interessante ting, eit arrangement eg har vore på eller ei stilig urt eller ei matoppskrift eg laga. Hovudpoenget er at eg ikkje kjem til å søla bort bokstaver på noko som helst som er fullstendig unyttig.

Me sjåast i neste innlegg.