tirsdag 31. juli 2012

Ord til inspirasjon

Dette er eit inspirasjonstips som fungerte godt for meg då eg ville skriva mykje over kort tid - sånn at eg kunne få så mykje som mogleg trening i sjangeren eg ville verta god i. For å gjera dette, treng ein eit menneskje til.

Eg fekk kjærasten min til å gjeva meg ei liste med 20 ord. For kvart ord skulle eg skriva ei forteljing/novelle. Det er den sjangeren eg har lyst til å verta god i. Ho skreiv orda med tanke på kva som passa til meg, kva ho tenkte hadde vore interessant å sjå meg skriva om, kva ho tenkte ville verta litt av ei utfordring for meg og kva ho tenkte eg ville lika å skriva om. Båe ord som passa og ord som ikkje passa.

Eg har jobba med lista ganske lengje no, men hovudregelen er at eg skal skrive tekstene i riktig rekkjarfylgje og at eg skal skriva alle. Kan ikkje hoppa over nokon eller gjeva opp. Kan ikkje seia "vil ikkje meir" og stoppa. Må fortsetja til eg er ferdig. Difor tenkjer eg, kvar einaste dag, på neste ord i lista. No skal eg fortelja litt om korleis eg har tenkt.

Det fyrste ordet på lista, ord 1, var ordet "Begynnelser".

Eg har skaffa meg ei lita bok som eg kan tankerangle i, så i den boka står nesten alt eg har tenkt for kvart ord. Eg spurde mor mi kva ho tenkte om "begynnelser". Ho tenkte dette:

 " Egentlig eksisterer jo ikke begynnelser, alt begynner liksom hele tida".
Det var jo ikkje dumt. Eg valte å skriva ei forteljing om "begynnelser", på ein ganske klår måte. Eg skreiv ei forteljing der poenget var at ting starta heile tida. Det vart noko søtt. Ikkje noko vanleg mønster i handlinga. To gutar som set seg i ein buss, dreg til ein plass der dei skal bu for ein stund og så skal dei sova. Eg nytta masse setninger som "her startet begynnelsen på en lang tur" og "dette var begynnelsen på en god natts søvn". Her var det viktigare korleis eg skreiv enn kva eg skreiv om.

Neste ord, ord nr 2, var ordet "Renhet".
Her spurde eg og mor mi om kva ho tenkte, og ho tenkte det at reinheit var noko som kunne vera kjekt, som til dømes når ein kjem heim til eit hus og det er vaska og rydda og ein føler at ein er velkommen. Men, det finst og ei anna type reinheit - andeleg reinheit, som ikkje er like hyggjeleg. Religiøse menneske likar å vera opptekne av "andeleg reinheit". Dette er slett ikkje alltid like hyggjeleg.

Då valte eg å setja ein kontrast mellom fysisk og andeleg reinheit.
- Religiøs heim.
- Slem fanatisk far.
- Dottera har kyssa ein gut.
- Han vert sinna og bankar ho overalt sånn at ho vert full av jord og blod og andre fysisk skitne ting, medan han seier at ho er skitten.
- Bror hennar, som er forteljaren i historien (eg vel som regel å skriva om fæle ting frå perspektivet til nokon andre enn den som er inni det, det vert som regel meir levande) plukkar ho opp og puttar ho i badekaret for å vaska ho.
- Ho sit der og er trist for at du er skitten.
- Ja, seier bror hennar, du var svært skitten, men det var ikkje kysset som gjorde det.

Eg kalla teksta "Ren og fin". Teksta var på bokmål, av di hovudpersonen var ein bokmålsperson. Eg kalla teksta "ren og fin" og ikkje berre "ren" (no er me tilbake til titlar, det kjem fleire innlegg om det) av di "ren" fort vert for alvorleg og jålete til at det får rette kjensla. "Ren og fin" derimot er eit vanleg uttrykk som folk nyttar, og i stil med det som skjedde, er det kanskje ein ekkel kontrast?

Som du ser tenkte eg svært forskjelleg i desse to tekstene. Eg har ikkje skrive alle på same måte, sjølv om det er same liste. Av og til vert det lange noveller med handling, andre gongar er det meir reflekterande tekster. Det varierer frå asosiasjon til asosiasjon.

Eg ga kjærasten min ei liste med 13 ord (ho har det med å skriva færre tekster, så 20 hadde vore for valdsomt). Desse orda var tilpassa hennar måte å skriva på.

Uansett er dette ein metode som er flott å nytta når ein vil ha trening i ein sjanger. For å få god trening i ein sjanger må ein skriva mykje (mykje, mykje), helst kvar dag, og ideer kjem ikkje alltid av seg sjølv. For meg er eit ord nok til å skapa ein ide, mange av historiene låg allereie djupt i hovudet mitt. Fleire av tinga eg har skrive er ting eg delvis hadde planlagt tidlegare, men ikkje finne noko bestemt plass til. Andre ting kom av seg sjølv etter litt refleksjon kring ordet eg hadde fått. Ofte har eg planlagt fleire ord før eg skriv eit. I inspirasjonsboka hadde eg til dømes fleire sider med ferdige historier utan å ha skrive nokre av dei.

Eg kan ikkje leggja ut ei liste med tjue ord, for det er individuelt om ein ynskjer å skriva kåseri, forteljinger, artiklar eller dikt. Men, ta gjerne utfordringa, finn nokon som kan gjeva deg ei liste med ord (til dømes eg), og skriv i eit heftig tempo til lista er ferdig. Gjerne ei tekst kvar dag. Det finst alltid tid for den slags.

1 kommentar:

  1. Eg ga nettopp bort ei liste til diktskriving. Ho ser slik ut:

    01. Turtelduer
    02. Bestekompis
    03. Sydentur
    04. Hakeslepp
    05. Gjøkur
    06. Koffein
    07. Tannpuss
    08. Nattlige aktiviteter
    09. Hipp hurra
    10. Klem
    11. Støv
    12. Brevveksling
    13. Tekanne

    Tilpassa personen som skal skriva dikta, men ta gjerne ei titt på orda og sjå om det gjev noko.

    SvarSlett